Ver Lars Monsen på Instagram
I går testa eg ut kor lenge 4-åringen gadd å sjå på Lars Monsen med meg i stadenfor det overstimulerande YouTube-greiene ho pleier å kreve. Utruleg nok vart me sittande i nesten 2 timar og sjå på Monsen!
Og mens me satt der og såg på slo deg meg plutselig, at dette er sånn eg kan forklare korleis du bør dele på sosiale medier i 2025!
Dette er personleg branding, autentisk innhold, comfort-innhold.
Ofte seier me SoMe-ekspertar at du må vere eit personleg brand, og samanlignar det gjerne litt med influencarar.
Men så ser du for deg Sophie Elise eller Isabel Raad og tenker at "det er jo ikkje sånn eg vil framstå som bedrift", om du ikkje deler deira hobbyar og verdiar – eller at ein tenker at "ingen synest mitt vanlege, kjedelege liv er spennande nok. Eg må dele noko med meir verdi eller kunnskap."
Men eg tippar du føler deg mindre skremt av tanken på å ha Lars Monsen som forbilde når du skal lage innhold.
Poenget er: turprogramma hans er jo på papiret dørgande kjedeleg, med lite “verdi”. Ein fyr åleine i skogen, ingenting anna enn slow-TV og ingen andre menneske, ingen dialog.
Og likevel har me flokka til skjermen i 20 (!) år for å sjå på, han er nærmast ein nasjonaskatt blitt – OG han holdt til og med på oppmerksomheten til min 4-åring i to timar. Kvifor?
Jo, av akkurat samme grunn som at du får fleire views, likes, engasjement og salg viss du deler meir personleg på sosiale medier.
Og ikkje privat. Lars Monsen deler utruleg lite privat i programma sine, men han deler personleg.
Han viser oss si verd, som me kanskje ikkje har sett eller får sett sjølv: som stiar og landskap rundt om i verda, bålopptenning, telting, hundekjøring, månelys, solnedgang, fisking, padling.
Hans utruleg kvardagslege liv, men som er spennande for oss som ikkje lever hans liv.
Og: han tar oss med i sine tankerekker, sine verdiar, sin humor, sine meiningar og deler det med ekte engasjement og autentisitet.
Eg trur du kunne spørt kven som helst på gata om dei hadde stolt på Lars Monsen, og dei ville svart ja.
Og kva treng ein for å selge noko? Know, like and trust.
Det får ein aller mest av, om ein tør å dele frå sin eigen kvardag, behind the scenes, personlegdom, meiningar og verdiar. Då tiltrekker du deg folka som verkeleg vil handle frå akkurat deg og di bedrift!
Så det er dagens oppfordring: tenk på Lars Monsen som filmar seg sjølv med selfiekamera i skauen og snakkar om kva han skal ete til middag i dag og kvifor han elskar det.
Me elskar å sjå ekte liv frå folk som elskar det dei driver med, har ekte engasjement og som meiner ting og deler sin personlegdom.
Beste helsing
Ingvild
PS: Føler du deg litt lost på kva akkurat du og din bedrift bør publisere på sosiale medier, og korleis du får følgarane frå å vere potensielle kundar på Instagram til å faktisk kjøpe frå deg? Ta kontakt, så finner me ein måte å hjelpe deg på utifrå ditt budsjett og behov!