Publiserer bedrifta som ein influencer på sosiale medier?
Det slår meg gong etter gong: det er ikkje rart bedrifter sliter på sosiale medier, når alt du høyrer overalt frå alle Instagram-ekspertar og andre er eit fokus på MEIR MEIR MEIR. “Vekst, følgartal og ikkje minst å gå viralt!”
Dette er truleg det du som driver markedsføring for bedrifta di sjølv også tenker at er målet og det som seier noko om innholdet ditt er bra eller ikkje.
MEN, me som driver bedrifter og skal markedsføre det på sosiale medier – må ha ein annan inngangsvinkel til publiseringa og innholdet vårt.
Strategien for ein influencer som får sponsoroppdrag basert på kor mange views forrige film fekk, eller antall følgarar – må åpenbart ha dette som sin strategi. Dei må poste så ofte som mogleg, provosere og ha som mål å nå breiast ut og flest mogleg.
Me som driver bedrifter må ha heilt andre mål. Jada, det er kult å nå ut til mange og gå viralt – men har du ikkje grunnbasen på plass, kan det faktisk gjere meir skade enn godt. Brått får du ein drøss med følgarar som ikkje eigentleg er potensielle kundar, og som øydelegger algoritmen og gjer det vanskelegare for deg å nå ut seinare.
Har du derimot ein strategi tilpassa at du driver ein bedrift, kan det å gå viralt vere heilt gull!
Du må ha innhold som snakkar til folka dine (og ikkje alle andre), bygger tillit, viser kva som bur i hovudet ditt eller kven folka i bedrifta er, få folka dine inn på e-postlista og bygge fellesskap.
LAST NED GRATIS GUIDE: 3 steg til å gjere Instagram til ein salgskanal – uten å poste kvar dag!
Uansett: å gå viralt bør ikkje vere målet, og å poste oftast mogleg kan ikkje vere strategien din – om du faktisk skal bruke sosiale medier som markedsføringskanal uten å bli heilt utbrent og få lite eller ingenting igjen for innsatsen.
Altså: det er på tide å slutte å poste som ein influencar, men faktisk lage ein strategi som er bærekraftig, effektiv og tilpassa bedrifta di.
Trenger du hjelp til det, er eg alltid ledig for ein bli kjent-prat og drodling både på Instagram og Zoom.
Eg kan hjelpe deg å få klarhet i kva du eigentleg burde poste og kvifor, spisse budskap og evt. gjere jobben for deg feks.
Klar for å sleppe å slutte å hige etter viral video, men heller ei gruppe lojale følgarar som faktisk er eller vil bli kundane dine og diggar det du driver med?
Dét er forskjellen på å publisere og lage innhold bare for å ha posta ofte, eller med mål om å gå viralt – og å poste strategisk i tjeneste for folka dine.