Rekordomsetning etter 20 år
Hei!
I dag vil eg fortelle om ein kunde av meg, Anette.
Ho er ikkje bare ein kunde, men også svigermora mi som har vore gründer i 20 år i år!
Truleg er ho den i landet med mest kunnskap om korleis ein intervjuer og skriver vanlege folk sine livshistoriar, slik at etterkommarane kan ha det som minne og bli kjent med norgeshistorien gjennom sine forfedres personlege minner og erfaringar. Er ikkje det kult?
For ganske nøyaktig eitt år sidan, januar 2024, pitcha eg at ho burde ha eit nettkurs. Ho sa ja, og ba meg hjelpe ho med markedsføringa.
Ho satte ambisjonane høgt: lanseringa skulle vere på 60-årsdagen hennar berre ein månad seinare! Her hadde me dårleg tid!
Min pertentlige, “perfekte” plan, måtte bli det me fekk til der og då.
Eg lagde landingssida og oppdaterte heile nettsida. Me snakka om budskap og satte opp gratiswebinar. Til det kjørte me ut to Facebook-annonsar til 1000 kr kvar – ein med bilde og tekst og ein med video, og øvde på Zoom. I tillegg hadde me ein freebie og ein velkomstsekvens på e-post som vart sendt ut på automatikk.
Eg lagde innhold til Instagram og instruerte ho til å filme seg sjølv så eg kunne redigere og publisere.
Resultatet?
Rekordomsetning!
Ved økt synlighet kom en økt og svært god omstening, som er en rekordomsetning de første ukene av 2024 i bedriften min, etter snart 20 års virksomhet.
Har du også lyst til å få meir ut av innsatsen din på sosiale medier, og bygge eit automatisert system som jobbar FOR deg mens du gjer andre ting?
Book ein uforpliktande og gratis bli-kjent prat for å finne ut korleis eg kan hjelpe deg med synlighet og system for å automatisere meir av markedsføringa digitalt!