Hei, der!

Eg hjelper små bedrifter og gründere med å selge meir og skape meir frihet gjennom Instagram, budskap, ein strategisk salgstrakt og automatisering.

Eg er Ingvild Eide Leirfall. Stordabu frå Vestlandet, som har komt til Østlandet og Horten for kjærleiken, hus, hage og ikkje minst SOL.

Her bur eg i generasjonsbolig med svigermor, to små barn og
austlendingen. Me synger karaoke, speler piano, lagar til hagefestar og badar og sykler heile sommaren.

Målet mitt er å vise deg korleis du kan nå fleire kundar, bygge ein sterk merkevare og frigjere tid ved å bruke smarte strategiar som fungerer – utan å føle deg overvelda.

Med over 15 års erfaring innan journalistikk, PR og markedsføring, har eg både lært kva som må til for å kommunisere klart og tydeleg, og hatt gleda av å hjelpe fleire bedrifter og organisasjonar med å bli synlege og bygge tillit.

Eg har hatt gleda av å utvikla strategiar, spissa budskap, skapt innhold og gjennomført lanseringar som har gitt gode resultat – frå meir synlighet til konkrete salg og rekordomsetning.

Sosiale medier er kraftfulle verktøy for vekst, men eg veit også at dei kan følast overveldande. Målet mitt er å gjere det enklare for deg.

Eg hjelper deg med å naile budskapet, lage ein bærekraftig strategi for innholdet på sosiale medier, bygge salgstrakt med tillitsbygging og e-postliste som konverterer, og ta i bruk automatisering som gir deg tid tilbake til det som betyr mest.

Eg trur på å jobbe smartare, ikkje hardare. Marknadsføring skal ikkje vere stressande – det skal vere ein måte å hjelpe fleire av folka dine på, skape verdi og gi deg friheit i din kvardag.

Ingvild Eide Leirfall

Følg meg gjerne på sosiale medier eller sei hei! Elskar å sjå kva folk held på med der ute 😍👏