Kva eit bryllup, to danskar og mannen min lærte meg om prising
Bryt ned prisen
I fjor sommar prøvde me oss på litt airbnb-utleige. Konklusjonen er foreløpig "don't do it" viss huset ditt er svært, du bur der, har to små crazy barn og eigentleg kan klare deg uten det ekstra stresset. Spesielt viss du er dust og underpriser deg og gløymer å legge inn all info på annonsa 🙃.
Så me hadde 100% satt ein stopp for å sei ja til fleire.
Heilt til det tikka inn ei melding frå to danskar. Dei skulle gifte seg rett over veien for oss, og ønskte å leige alt for å samle familie før, under og etter.
Me tenkte for der første at me skulle prise det litt meir så me følte det var verdt det, men også at dette hadde me skikkelig lyst til å få til. Altså nokon skal ha bryllaupsnatta og bryllupshelga si hos oss! Det er ei enorm ære.
Men me kjente også at det måtte vere verdt det økonomisk fordi det tross alt er heimen vår og mykje arbeid.
Me landa på 30 tusen, som eg instinktivt tenkte var ein heilt vill sum å be om.
Men så sa mannen min: det blir under 800 kroner per person, per natt. Og det trur eg også var grunnen til at me fekk eit ja på prisen, ti minutt etter eg sendte det.
Eg tok med heile utrekninga.
Eg sa ikkje bare 30.000, men brakk det ned i kva det vil sei per person, per natt.
Og då blei det plutseleg ein no brainer.
Så viss du føler at prisen du vil be om er for høg, prøv det samme.
Prøv å bryt det ned. Kva blir prisen per dag, eller månad, eller er det noko ein kan samanlikne det med som setter summen i litt perspektiv?
Både for din eigen del, slik at du skjønner at det er ein heilt fair pris - og for å gjere det enklare for kunden å sei ja og tenke at det er ein no brainer.
Vil du ha fleire små og store triks og tips for markedsføring på sosiale medier? Meld deg på nyheitsbrevet: