God kvinnekampsdag!
Me lever i ei tid der det er har vore lett å ta eigne rettar for gitt – samtidig som det blir tydelegare at dette er rettar me alltid må kjempe for å få behalda.
Grunnleggande rettar til abort og kroppsleg autonomi for kvinner blir svekka over heile verda, sjølv om utrygge abortar ifølgje WHO er ein av hovudårsakane til dødsfall blant fødande.
Kvar einaste dag døyr over 800 gravide i verda, på grunn av utrygge abortar, ifølgje rapporten.
Ifølge FN vert ei kvinne drept kvart 10.minutt, av nokon i familien. I 2023 vart 140 jenter drept, kvar dag av nokon i familien sin. 51.100 kvinner og jenter til saman på eitt år.
35 prosent av alle kvinner vil i løpet av livet oppleve vald. I nokre områder gjeld det imidlertid så mange som 7 av 10 kvinner, Ifølgje FN.
I Noreg har 182 kvinner og 20 menn blitt drept sidan 2000, der partnaren er sikta eller dømt for drapet.
Éin av ti norske kvinner vert utsett for alvorleg fysisk vald av partnar eller ekspartnar, ifølge ny rapport.
Nærare 62.000 kvinner, 907 menn og 45.000 barn har budd på krisesenter dei siste 25 åra, og talet på saker med partnarval aukar, ifølgje Politiforum.
50% av norske kvinner som vert utsett for valdtekt, blir det før dei er18 år.
Innanfor kvinnehelse, veit me at endometriose rammar opptil 275 000 norske kvinner, og mange opplever å falle heilt eller delvis ut av arbeidslivet.
– Me har ikkje tal på kor mykje arbeidskraft Noreg går glipp av på grunn av dårleg eller manglande tilrettelegging for dei som er ramma av endometriose, men me har god grunn til å tru at det er snakk om store beløp, fortel dagleg leiar i Endometrioseforeningen.
Som 23-åring fekk Sofia Brustad-Johnsen nei frå gynekologen til å ta celleprøve, fordi ho var for ung. Eitt år seinare fekk ho konstatert livmorhalskreft.
I 2014 kom det nye kunstige hjarte, som passar 80 prosent av menn – men berre 20 prosent av kvinner.
80.000 kvinner i Norden får kvart år ballongkateter for å sette i gang fødselen, noko som kan vere svært ubehageleg. Kanskje ikkje så rart når verktøyet ikkje er designa for kvinneleg, gravid anatomi – men til menn som slit med å tisse.
Om ei kvinner er i ein bilkræsj er det 47 prosent meir truleg at ho blir alvorleg skadd ifølgje ein studie, og 71 prosent meir truleg at ho blir moderat skadd. Det er også 17 prosent meir truleg at ho døyr.
Når ein samanliknar liknande bilulukker med folk som brukar belte, som er om lag like gamle, høge, med same BMI og like gamle bilar – er det 73 prosent meir truleg at kvinner blir alvorleg skadde i frontkollisjonar enn menn, ifølgje ein studie frå 2019.
Kvifor? Fordi bilar er laga for og testa på menn.
Det finst heller ikkje setebelte som er laga for og fungerer for gravide, for mange er puppar og høgd endå ein ting som gjer det vanskeleg eller umogleg å bruke setebeltet korrekt.
Fram til 1999 kåra TIME Magazine berre «Årets mann».
Ifølgje World Economic Forum er det 134 år igjen til me blir likestilte, om det held fram i dagens tempo.
Så kjemp på! God kvinnekamp!
PS: Visste du at eg laga ein eigen Feminist-instagram for mange år sidan, der eg samlar alle grunnane til at du bør vere feminist? Eg har ikkje posta noko sidan 2022, men framleis får eg nye følgarar og det er mykje å scrolle gjennom om du vil sjå!