Prosjekt: Barnekvardag
Barnekvardag er mitt eige vesle, store prosjekt.
Det som starta som ein tipskanal på Instagram, vart etter kvart eit fellesskap og voks seg til å handle meir om uvisse som fyrstegongsforelder, samfunnskritikk, å få tilbake trua på seg sjølv, å lene seg på instinkt og hugse at me er dyr, å minne oss på at det ikkje er rart me er slitne når me får barn i eit samfunn som ikkje er lagt til rette for å lytte til seg sjølv, til barnet og der me har fleire å lene oss på.
Her har eg mange store draumar etter kvart, som manifesterer seg meir og meir.
Eg har sjølvsagt gjort alt arbeidet med kontoen og merkevara sjølv, som jo inneber ganske mykje. Logo, heimeside, grafisk til Instagram og Facebook, innhaldsproduksjon og digital marknadsføring hovudsakleg gjennom organisk Instagram-innhold og med blogginnlegg og e-post.
I tillegg har eg laga eit nettkurs (Bæreselecamp), halde live bootcamp for Bæreselecamp på nett, laga e-bøker og jobba med nettkurs. Hovudproblemet er å velje eitt, lite nok tema – for eg vil jo dekke alt med éin gong!
Eg har også satt opp Podia-konto og Stripe for å selje digitale produkt, laga opt in, landingssider og salgssider og sett opp e-postsystem.






