Infleuncer-tipsene for sosiale medier gjelder ikkje deg som driver bedrift
Etter å ha vore veldig aktiv i denne verden ei god stund no, er det ein ting som slår meg igjen og igjen. Nesten alle tips og råd om sosiale medier, er eigentleg retta mot dei som vil leve av sosiale medier, altså influencarar og innholdsprodusentar.
Men så blir grundere og bedriftseigarar selvfølgelig lurt til å tru at dette også gjelder dei.
Heldigvis stemmer ikkje det, for det er virkelig ikkje rart at influencarar blir utbrente.
For influencarar handlar sosiale medier om følgartal og reach, fordi det er det dei får betalt for. Sponsorar og annonsørar, betaler dei for det store publikummet deira i tillegg til tilliten dei har hos folka sine.
Dei får betalt av Snapchat for antall klikk gjennom storyane.
Heile systemet er lagt opp til at dei må lage innhold absolutt heile tida, for å opprettholde inntekta si.
Men med mindre dette er det du har lyst å drive med, så er det jo ikkje sånn du som grunder og bedriftseigar kan holde på. Og det trenger du heldigvis heller ikkje!
Me kan lære mykje frå influencarar om markedsføring, kanskje særleg når det kjem til å bygge tillit og fellesskap - så eg seier ikkje at alt er irrelevant.
Men: du kan bygge system som bygger tillit og selger til folka dine på automatikk, du kan lage innhold til sosiale medier i eit bærekraftig tempo og på den måten som passar best for deg og ditt publikum, og du kan tjene masse sjølv med under 1000 følgarar.
Det er ikkje talet på følgarar som seier noko om kva du som bedrift kan tjene. Det er ikkje det du bør jakte på.
Når du har absolutt alt det grunnleggande på plass kan du sjølvsagt strategisk jobbe mot meir virale videoar og fleire rette følgarar, men det er altså i andre rekke.
Du må starte med å spisse budskapet ditt, optimalisere profilen din, lage innhold som vekker tillit og viser kvifor det du selger er bra og kven det er for, og lage eit system for å få folka dine vidare inn i din verden og salgstrakt.
Det er eigentleg ein heilt annan måte å jobbe og tenke på enn influencarane må.
Så slutt å jag etter virale videoar og tusenvis av følgarar. Start med det du har her og no: dei som allerede følger deg, det du kan og vil dele til folka dine og det fellesskapet og lojaliteten du kan skape gjennom sosiale medier og ei salgstrakt.
Så senk skuldrene, slutt å ha dårlig samvittighet for at du burde ha posta meir eller bedre, og bare begynn å ta små skritt i rett retning.
Lykke til!