4 grunnar til at små bedrifter bør droppe annonsering, og heller jobbe med det organiske først.

Ein bedrift kom nyleg til meg for å tilbud etter å ha fått tilbud frå eit stort markedsføringsbyrå.

Eg var ærleg på at eg ikkje er ekspert på Meta annonsering slik dei er.

Likevel vil eg påstå at mi løysing er bedre både her og no, og på sikt.

Byrået skulle ha ca. 15-20.000 kr for å lage 3-5 annonsar, sette opp annonsekontoen og justere den utifra innsikta dei fekk. Pluss dei 5000 kr kunden måtte bruke på annonsar.

Dei ville sende eit kaldt publikum rett frå annonsa inn på nettsida, og bygge strategien med retargeting (altså at dei som har klikka på lenka ein gang, får opp annonsar igjen).

Dette er nok ein effektiv strategi der og då, men i mitt hovud feiler den på tre ting:

  1. Du jobber mot eit kaldt publikum, og prøver å få dei direkte frå annonse til salg - noko me veit er vanskeligare og vanskeligare, særleg når produktet kostar over 1000 kr.

  2. Du får leads - så lenge du betaler. Du gjer deg avhengig av både byrå og Meta med betaling for å få nye leads og det funker kun så lenge du betaler.

  3. Du ignorerer potensialet i det allerede varme publikummet du har.

  4. Folk som er interesserte, kjem til å sjekke det organiske innholdet og kanalane dine også. Dei bør vere optimaliserte før du kjører annonser!

Okei, misforstå meg rett: eg er ikkje imot annonsering, og ikkje imot større markedsføringsbyrå!

Men dei har eín måte å gjere ting på, og det er den som kanskje gir best målbart resultat her og no.

Men det er ikkje sikkert det er det beste resultatet for deg som driver ein liten bedrift. Folk med små bedrifter har gjerne to ting til felles:

  • Dei har lågt budsjett

  • Dei har litt å gå på når det kjem til å snakke publikummet dei allerede har

Denne kunden hadde over 1400 følgarar på Facebook og over 1600 følgarar på Instagram. Ho hadde 120 abonnentar i dag, og ville ha 50 -120 til.

I mitt hovud seier det seg sjølv at det burde vere lett å finne desse blant dei følgarane ho allerede har, som allerede kjenner til henne og er mykje varmare enn nokon som ser bedriften for første gong i ei annonse på Facebook.

Ho hadde e-postliste og var superflink og sendte e-postar 1 gong i veka - men berre til dei som allerede var abonnentar.

Ho fortalte meg om alt det kule ein fekk som abonnent, men eg fant det ikkje på nettsida eller på sosiale medier-kanalane.

På profilen var det ikkje ein gong tydeleg kva ein kunne kjøpe og korleis, og den var ikkje søkeoptimalisert.

Med andre ord:
Om me heller jobba med å fikse det som allerede eksisterte, kunne gevinsten bli minst like stor samtidig som me la grunnlaget for ein fortsatt vekst sjølv etter mitt samarbeid med kunden. Det er ingen annonsar som stoppar opp, og dermed sluttar ho å få leads – og om ein evt vil sette opp annonsar så har ein testa innholdet organisk først og veit kva som funker godt FØR ein betaler for annonsering OG ein har ein plass å sende dei som ikkje er klare til å kjøpe i dag.

Mitt tilbud til henne var difor:

  • Eg fiksar 15 innlegg til publisering - dei fleste likar ikkje å bruke tid på innholdsproduksjon, og veit ikkje heilt kva dei skal poste som skapar tillit og salg. Eg elskar det, så eg foreslo at eg fiksar det. Ho sender bilder/film og gir meg informasjonen eg trenger.

  • Optimalisering av Instagram-profil: Dette er førsteinntrykket til folk når dei kjem inn på profilen, og gjer om dei skjønner at dette er for dei eller ikkje, kva det er og kva dei skal gjere no. I tillegg er det her ein kan få inn søkeord slik at dei som søker etter det du tilbyr, finner deg!

  • Oppsett av Manychat - for å sende direktelenke i innboksen til potensielle kjøparar. Folk vil ikkje måtte jobbe for å finne informasjon og lenker, så gjer det så enkelt som mogleg for dei. I tillegg gjer slik automasjon at du bruker mindre tid på å svare folk på meldingar, du får meir engasjement og dermed reach på sosiale medier-innlegga og du kan bruke kortare tid på å vere aktiv på sosiale medier med å feks bare poste ein story med litt informasjon og triggerordet for å få lenka. Det tar 3 minutt.

  • E-post og nyhetsbrev: få også dei som er interesserte og potensielle kjøparar inn på e-postlista. Enten ved å sende dei samme e-postane abonnentane allerede får, med ein "PS: Er du ikkje abonnent endå? Meld deg på her"-tekst på slutten av alle e-postar. Slik at ein får sjå kva ein går glipp av og får lyst til å kjøpe - og det samtidig ikkje blir noko ekstra arbeid for bedrifta!

  • Å kjøre vervekampanje og konkurranse blant følgarane/dei som allerede var abonnentar

Kva tilbud ville du valgt og kvifor?

La oss prate i kommentarfeltet!

Forrige
Forrige

Du føler du kastar bort tid på sosiale medier – uten å få noko igjen.

Neste
Neste

Infleuncer-tipsene for sosiale medier gjelder ikkje deg som driver bedrift