Markedsføringsstrategi for små bedrifter

Enten du driver egen bedrift eller har ansvaret for sosiale medier og markedsføring i ein SMB-bedrift, så har du nok kjent på følelsen av “KVA SKAL EG EGENTLIG GJERE?”.

Overalt på internett er det råd og tips om korleis ein skal “vokse på Instagram”, “beat the algorithm”, “poste oftare”, “få fleire følgarar” osv.

Veldig lite handlar om korleis ein som bedrift faktisk kan og bør bruke sosiale medier og digital markedsføring, for å få synlighet og ikkje minst treffe dei folka som vil kjøpe greiene dine - med glede.

Det er veldig lett for å havne i ei innholdsproduksjonsfelle der du tenker at du bare må poste oftare, så får du fleire følgarar og så kan du endeleg begynne å selge og få nye kundar.

Heldigvis er det ikkje sånn. Du kan gjere så mykje og tjene pengar med så mykje færre følgarar enn du trur!

Mitt mission er å sørge for mindre content burn out og meir blomstrand, frittståande bedrifter som får ut det geniale dei holder på med. Så er her mine råd for deg som skal markedsføre bedrifta di på sosiale medier:

  1. Kommunikasjon og budskap

    1. Dette er simpelt, men overraskande vanskeleg. Du må rett og slett greie å formidle kva du faktisk selger, kvifor det er bra og korleis ein kjøper. Det er så fort gjort når ein er inni si eiga bedrift, at ein sliter med å greie å formidle dette enkelt nok. Men uten dette på plass, funker ingenting anna i markedsføringa di, så det er prio ett!

  2. Skape fellesskap gjennom verdiar

    1. Det har aldri vore viktigare å vere noko meir enn bare eit produkt og ein pris. I 2025 kjøper folk primært frå bedrifter dei veit har lignande verdiar som seg sjølv, og då må du/bedriften faktisk ha nokre tydelige verdiar. Klarer du dette skaper du både fellesskap med “her er me som tenker sånn og sånn”, lojalitet og ikkje minst tiltrekker du deg dei perfekte kundane heilt naturlig, og avskrekker dei som ikkje eigentleg er dine beste kundar.

  3. Bruke sosiale medier som toppen av salgstrakta!

    1. Målet ditt som bedrift er jo eigentleg ikkje å få flest mulig følgarar, gå viralt eller få masse likes. Det er å få kundar, sånn at du kan hjelpe fleire med dine geniale greier og faktisk overleve som bedrift. Då er det viktigaste du kan gjere å få folka som finner deg på sosiale medier, vidare inn i din verden. Gjer det enkelt å finne nettsida di, bookingssida di, nyhetsbrevet ditt.

  4. Bruk sosiale medier til å bygge e-postliste

    1. Som nevnt over: du må få folk vidare inn i verda di! Du eiger ikkje kontoen eller følgarlista di på sosiale medier, du er faktisk totalt prisgitt Meta og Zuckerberg og Musk osv. E-postlista di eiger du. I tillegg kjøper folk mykje meir frå e-postar enn direkte frå sosiale medier (ROI-en på epost er 36! - altså du får i snitt tilbake 36 dollar per 1 dollar du bruker på e-postmarkedsføring).

  5. Bruk automatisering for å gjere ting meir bærekraftig

    1. Bruk funksjonar som Manychat til å gjere det enkelt og automatisert å følge opp folk som er interesserte i direktelenker til produkt, og følge opp for upsells og downsells.

    2. Lag e-postsekvensar som er automatiserte slik at alle som melder seg på nyhetsbrev feks, får strategiske e-postar du har skrive eín gong og som så blir sendt ut på automatikk (i tillegg til dine meir impulsive nyhetsbrev sjølvsagt)

  6. Ver autentisk!

    1. Dette er KI-tida, og eg trur med heile mi sjel at dei som ikkje lener seg altfor hardt på KI i det dei presenterer utad vil vinne. Heilt uten tvil. Eg trur autentisitet og ekthet er den nye gullvalutaen. Greier du å virkelig vise at dette er ein ekte bedrift, med ekte ansatte, ekte verdiar og fellesskap og ekte kundar er du kome ekstremt langt på vei! Så drit i skrivefeil eller uperfekt lys, det er mykje meir overbevisande enn glossy og perfekt og chat-gptete..

  7. Gjer det så bærekraftig som mulig

    1. Ver realistisk, tenk på kva innhold du likar best å lage og får til best å lage og fokuser på det. Fokuser på den markedsføringskanalen du kan best. Post heller 1 gong i veka, men gjer det bra - enn 3 gonger til dagen. Bruk andre sitt publikum gjennom samarbeidsinnlegg, gjeste podkastar, vere gjesteforelesar i andre sine nettkurs osv. Skriv kronikkar og få avis-oppslag. Gjer noko markedsføring som er langtlevande som blogg, Youtube eller podkast. Bruk søkeord i så mykje som mulig når du postar, så det blir funne om 3 månadar eller 3 år.

Håper dette hjelper!

Om du vil ha miniguiden til korleis du kan få kundar frå Instagram, kan du laste ned denne gratis-guiden:

Neste
Neste

Det viktigste for bedrifter som skal markedsføre på sosiale medier i 2025