Det viktigste for bedrifter som skal markedsføre på sosiale medier i 2025

Er du framleis stressa fordi du ikkje postar nok på Instagram?

Tenker du at det er følgjarane som manglar – og at inntekta kjem med 10 000 stykker og ein viral video?

Heilt ærleg: Du treng ikkje fleire følgjarar, likes eller å gå viralt.

Du treng dei rette følgarane, eit system for å få dei inn i salgstrakta og ikkje minst å greie å treffe og nå ut til dei rette.

Det kan kanskje virke som to sider av samme sak, men det er i praksis to heilt forskjellige måtar å jobbe med sosiale medier på.

Bedrifter skal ikkje bruke sosiale medier slik som influencarar og folk som skal tjene pengar på sjølve kontoen sin.

I 2025 er det ikkje dei bedriftene som postar mest, som får resultat. Det er dei som postar smart. Dei som har eit tydeleg bodskap. Ein enkel plan. Og eit system som faktisk får folk frå feeden og inn i innboksen.

Så kva er det viktigaste for bedrifter på sosiale medium i 2025?

1. Tydelig budskap > hyppig innhald

Folk scroller fort og feeden er stappa med innhold.

Plis ikkje bli ein av dei som bare bidrar til meir støy, men bidra med noko som faktisk er laga for folka dine og kan hjelpe dei.

Det funkar ikkje å bare poste oftast mulig, det funker ikkje å kjøre kun salg.

Du må treffe dei rette folka (ikkje tenk at du skal treffe alle), og vise at du er for dei.

2. Bygg tillit – ikkje berre trafikk

Ein av dei beste måtane å vise at du er akkurat den rette for folka dine, er ikkje å lage det beste innholdet teknisk sett eller poste 3 gonger til dagen.

Det er å bygge tillit og vise at du forstår dei, er som dei, meiner som dei.

Ja, det betyr at du også vil avskrekke nokre. Men dei som blir, blir mykje meir lojale og varme kundar.

Tillit bygger du med å vise ikkje bare kunnskap, men å ta autoriteten i å våge å meine ting, dele verdiar, erfaringar, kundecaser og korleis du/din bedrift tenker og gjer ting.

Ikkje generisk og trygt, og ikkje så upersonleg at chat-GPT kunne skrive det samme.

Folk kjøper ikkje frå dei som er objektivt best, men frå dei dei stolar på.

Når dei kjenner verdiane dine, ser kven du er for – og får sjå måten du jobbar på, blir det lettare å seie ja. Du må tørre å meine noko, vise kven du er og kvifor du gjer det du gjer.

3. Gjer det lett å kjøpe!

Du driver bedrift, og sjølv om du ikkje skal bruke profilen din som ei vandrande oppslagstavle med bare reklameplakat, så må du gjere det enkelt for dei som faktisk vil kjøpe fra deg.

Lag tydelig lenke i bio, bruk Manychat eller Stanstore for å automatisere meldingssvar med lenke rett i innboksen.

Skriv tydeleg kva du selger og korleis ein kjøper det. Bruk lenkesticker i stories.

Gjer det så enkelt og friksjonsfritt for folk å gjere det du ønsker, enten det er å få dei inn på e-postlista med ein freebie, eller til å kjøpe noko.

Dobbeltpoeng for om du greier å gjere dette OG bygge eit e-postsystem der du kan fortsette å holde kunden varm og selge, med meir autentisitet og tillit.

4. Optimalisert profil = digitalt førsteinntrykk

Profilbiletet ditt, namnefeltet, bioteksten og pinned posts – det er det første folk ser.

Er det tydeleg kva du tilbyr, for kven og kvifor det er verdt å følgje deg?

👉 Test deg sjølv: Får du lyst til å følgje deg, om du landar tilfeldig på profilen?

5. Berekraftig rytme > stress og skippertak

Ein av dei tinga eg oftast høyrer frå grundere og bedrifter som skal markedsføre på sosiale medier er at det tar så lang tid, at dei ikkje veit kva dei skal poste og at dei trenger fleire følgarar.

Me har alt snakka om at fleire følgarar ikkje er det samme som bedre business.

Tid: om du bygger eit system som gjer det enkelt å vite kva du skal poste, korleis, kor ofte og ikkje minst får folk inn i systemet ditt som er automatisert og gjer resten av jobben, kan du faktisk bruke overraskande lite tid.

Du kan i stor grad velge kor mykje innholdsskapar du skal vere i tillegg til markedsansvarlig eller grunder, når du har grunnmuren på plass.

Om du alltid er på etterskudd og må “finne på noko å poste” – bruker du også masse energi på bare å stresse og tenke, uten å egentlig få noko igjen for det.

Lag deg ein rytme du faktisk kan halde over tid. Gjenbruk. Planlegg. Automatiser der du kan.

Markedsføringa skal jobbe for deg – ikkje tappe deg for krefter.

Kort sagt:

Markedsføring i 2025 handlar ikkje om å rope høgast, men om å vere rett stemme for dei rette folka.

Alt finst allerede, folk kan finne alt som finst av kunnskap og produkt på internett. Men dei vil kjøpe frå nokon som dei stoler på, føler seg som ein del av eit fellesskap med, likar og VIL kjøpe frå.

Så neste gong du tenker: “Eg må poste noko” – stopp opp, og tenk heller: “Kva trenger folka mine å vite?” og “kva vil eg at folka mine skal gjere?”

Og viss du er klar til å gjere jobben med å skape grunnlaget, kan du bli med på Fra Instagram til inntekt der meg gjer nettopp dette.

Du følger min 5-stegsmodell for enklare, gøyare og meir bærekraftig markedsføring – med 6 månadars tilgang til støtte og tilbakemelding, så du faktisk får gjort det, på din måte.

Tenk deg å vakne ein mandag og vite nøyaktig kva du skal poste – og at systemet ditt tar seg av resten. Det er mulig!

Om du bare vil ha litt gratis-hjelp på veien, kan du laste ned min guide:
3 steg til å gjere Instagram til ein salgskanal – uten å poste kvar dag:

Last ned gratis no!

Ein miniguide med tre konkrete tips for deg som vil få salg frå innholdet ditt på Instagram.

KLIKK HER

Forrige
Forrige

Markedsføringsstrategi for små bedrifter

Neste
Neste

Du føler du kastar bort tid på sosiale medier – uten å få noko igjen.