Kundecase: Vitaveritas.no

Hausten og vinteren 2023/2024 jobba eg med Anette Holt i Vita Veritas. Dette jobba me med:

  • Sette opp sosiale medier og lage grafisk og videoinnhold

  • Portrettfoto

  • Nettsidedesign

  • Tekst til landingssider og e-poster

  • Automatisert e-postsekvens med lead magnet

  • Webinar og annonse

  • Budskapsspissing

  • Utvikling av nettkurs

Ho er landets mest erfarne på livshistorieformidling og har drive bedriften sin i 20 år! Det har vore utrulig gøy å vere med på dette prosjektet, og å få samarbeide vidare om nye prosjekt.

Det startet med litt flikking, design og innhold til heimesida. Eg innhenta medieutklipp og skreiv om tekst på heimesida, i tillegg til å redesigne ein del.

Eg satte også opp Instagram-konto og begynte å poste med video og grafiske innlegg.

Så fant me ut at det var på tide å gå online med eit nettkurs! Her har eg vore inne med hjelp til å utforme korleis kurset skulle vere, kva plattformar me skulle bruke og kva det skulle inneholde.

Eg tok portrettfoto, lagde landingsside, lanseringsplan, skaffa pressedekning, hjalp med å spisse budskapet for webinaret, satte opp opt in-side til gratis-webinar, satte opp e-postmarkedsføringssystem (ConvertKit) for automatisering og organisering av e-postliste, lagde freebie (lead magnet) og opt in-side til den, satte opp annonse på Facebook for å samle leads, skreiv e-postar, lagde grafisk innhold til sosiale medier, utfordrra ho til å filme seg sjølv og redigerte og publiserte videoar til sosiale medier, lagde innhold til nettsida og hjalp til med å sette opp sjølve Zoom-webinaret.

Etter to webinar var kurset nesten fulltegna, det var komt fleire påmeldingar på fysiske kurs og Anette opplevde rekordomsetning etter 20 år!

Utrulig gøy!

Det kan du lese meir om her.

Om noko av dette er ting du har tenkt at du vil få på plass, men ikkje har fått ut fingeren på eller treng sparre-hjelp eller teknisk hjelp til: Ta kontakt så finner me ut om eg kan hjelpe!

Forrige
Forrige

Kundecase: Mandag igjen