Tilbakemelding på SoMe og nettside

Ein såkalla “audit” eller digital helsesjekk der eg ser gjennom din Instagram-profil (eller andre sosiale medier) og nettside – og gir deg konkrete tips du kan implementere med ein gong. Dette kan vere alt i frå budskap og kommunikasjon, tekniske ting, strategi osv.

Perfekt for deg som vil vite kva som fungerer, kva som ikkje fungerer, og kva du kan og bør gjere annleis.

Liten pakke med skriftleg og videotilbakemelding: 1250 kr eks. mva

Stor pakke med 40 min samtale om dine preferansar, og skriftleg og videotilbakemelding tilpassa deg og din bedrift spesielt. 2490 kr eks. mva.

Kommunikasjon og budskap

Eg jobber med deg for å spisse budskapet gjennom research og kommunikasjon, så du veit kva som er di greie og korleis du pratar om det for å treffe folka dine. I mine auger er dette noko av det mest avgjerande for å ordentleg treffe med markedsføringa, spare pengar og ikkje minst gjere det det enklare i kvardagen å skape innhold og nå ut med det du driver med.

Budskapspakke: Du svarer på eit spørsmålsskjema. Me tar ein prat der me går gjennom dine kanalar, di kundegruppe og dine verdiar. Eg gjer research og sammenstiller mine forslag til ord, uttrykk, kommunikasjon og presenterer det på ein samtale med deg. Du får også ein “om oss/meg”-tekst. Fra 6900 kr. eks. mva. (Dette kjem an på utgangspunkt, ta kontakt for tilbud).

Rådgiving i 60 min

Me går gjennom det me rekke på ein Zoom-samtale/fysisk samtale på 60 minutter. Det kan vere alt i fra ein sjekk på dine kanalar, planlegging av nettkurs, e-postmarkedsføring, markedsføring på sosiale medier, budskap og kommunikasjon osv.

1650 kr. eks. mva.

Strategi for markedsføring

Eg rådgir deg på korleis du kan legge opp markedsføringa, kva kanalar du bør bruke og korleis du kan gjere det på ein måte som er bærekraftig i din kvardag – og likevel treffer, gir synligheit og fleire kundar.

Startpakke: Du svarer på eit spørreskjema, og får ein enkel tilbakemelding på dine digitale flater og ein konkret strategi for korleis du kan tilpasse markedsføringa di. 1990 kr. eks. mva.

Totalpakke: Du svarer på eit spørsmålsskjema og me tar ein prat for å lage ein tilpassa, konkret strategi for din markedsføring på lang sikt og i kvardagen. Du får også tilbakemelding på digitale flater, innholdsplan tilpassa din bedrift, og tre malar i Canva. Alt får du oppsummert skriftlig.
Frå 4900 kr eks. mva. (Dette kjem an på omfang og utgangspunkt, ta kontakt for tilbud).

Tekstproduksjon

Tekst er overalt, men det er ikkje sikkert skriving er din favorittaktivitet. Det er det heldigvis for meg. Eg lever og ånder for skriving, og hjelper deg gjerne med å utforme landingssider, e-postar, blogginnlegg eller LinkedIn-innlegg basert på anna innhold du har.

Skrive landingsside for deg: 2900 kr eks. mva (Du har allerede spissa budskap og veit kva du selger, verdiane dine og kven du selger til og kva problem og drømmer dei har)

Skrive og forhåndspublisere e-postar eller LinkedIn-innlegg basert på innhold du har frå før: 550 kr. eks mva per stk, eller mengderabatt ved avtale.

Skrive og forhåndspublisere SEO-optimaliserte bloggpostar basert på innhold du har frå før: Dette inkluderer research på fakta, mininmum 1 bilde, SEO-optimalisering og skriving. 1900 kr. eks mva per stk, eller mengderabatt ved avtale.

Innholdsplan & maler

Du har budskap og strategi på plass, men sliter likevel med å finne ut kva du skal poste. Med ein innholdsplan blir sosiale medium enkelt og effektivt. Me set opp ein årsplan tilpassa dine planar, finner dine innholdskategoriar og du får malar i Canva som passar for bedrifta di, i tillegg til at me setter opp Manychat for å automatisere og forenkle noko av arbeidet.

1900 kr eks mva.

Gullpakka for innhold

Dette er alt eg meiner alle bedrifter som skal markedsføre seg selv på nett må ha av innhold for å komme i gang eller sett fart på markedsføringa på ein smart og gøy måte.

Inkluderer: Intervju med deg, ein lead magnet, Instagram-audit, e-postlistepakke, tre SEO-optimaliserte blogginnlegg, 10 SoMe-innlegg med malar.

TILBUD: Pris: 9.000 kr eks mva. (+ evt. reisetillegg) - inkl. fem bilder av deg/bedriften din om me treffes fysisk.

Our services