Hei og velkommen hit!
Eg er Ingvild Eide Leirfall, journalist i 16 år, gründer på fulltid sidan 2025, og ei som aldri klarar å la vere å spre det glade budskap når eg ser at det kan hjelpe andre.
Eg starta å skrive for lokalavisa på Stord som 16-åring, og har sidan jobba i NRK og Framtida.no. Eg har vore nominert til og vunne journalistprisar og lært at dei beste historiane alltid handlar om dei same tinga: folk som tør å vere autentiske, ha verdiar og ta valg sjølv om det kanskje er utfordrande.
Då eg blei gründer tok eg med meg alt eg hadde lært som journalist. Evna til å finne den rette vinkelen, fortelle det på ein måte folk faktisk les, og skjere gjennom støyen. Det viser seg at det er akkurat det småbedrifter treng.
I dag hjelper eg gründere og små og store bedrifter med å bli synlege på nett, utan å bli utmatta i prosessen.
Eg veit at du ikkje må poste kvar dag, jage følgjarar og å gå viralt eller late som du er nokon du ikkje er, for å kunne tiltrekke dei rette og selge til dine folk.
Eg trur på ei klar stemme, engasjement og personligheit, verdiar og historiar, eit tydeleg budskap (og ei e-postliste der du kan prate med folka dine uansett kva som skjer med Meta).
Eg drømmer om ei verd der fleire kan leve på sine premiss, hjelpe andre med det dei er gode på og skape kvardagen dei ønsker seg. Kanskje er det også derfor eg elskar å jobbe med grundere og små, uavhengige bedrifter.
Gratis masterclass:
Instagram for smarte bedrifter
Lover å ikkje sende spam!
Bruker du Instagram rett i markedsføringa di?
Her har eg samla det eg vil sei er dei tre aller viktigaste tinga å fokusere tid og energi på som bedrift på Instagram (og det er ikkje følgartal, å gå viralt eller henge med på trendar) for å få mest ut av innsatsen din.
Det eg tilbyr:
- Strategisk innholds- og markedsføringsrådgivning
- Instagram-audit og innholdsstrategi
- Kurs og workshop om synlighet, budskap, historiefortelling, Instagram, reels og sosiale medium
- Nettside-design og oppsett