Synleg på nynorsk

Nettkurset for deg som vil tiltrekke draumekundane, marknadsføre som deg sjølv og bruke sosiale medium på nynorsk!

PS: Svar på spørreundersøkinga og ver med å påvirke innhaldet + at du blir med i trekninga av tilbakemelding på Instagram eller nettsida di 👇

Svar på spørreundersøkinga her

Gratis og uforpliktande:

Meld deg på ventelista:

Lovar å ikkje spamme deg, og du kan når som helst melde deg av!

Meir om kurset

Med støtte frå Noregs Mållag, utviklar eg eit nettkurs for bedrifter som anten i dag marknadsfører seg på nynorsk, eller ynskjer å gjere det.

For å lage eit best mogleg kurs, gjer eg no research og ynskjer å høyre frå de som står midt i det. 
 
Er du bedrift, og skriv de nynorsk – eller har de tenkt på det, men landa på bokmål likevel? Kva stoppar dykk, kva lurer de på, og kva hadde gjort det enklare å velje nynorsk i innhaldet dykkar?
 
Eg ynskjer å treffe på dei utfordringane og spørsmåla du måtte ha, for å kunne lage eit best mogleg opplegg som kan hjelpe og vere til nytte, slik at endå fleire når ut på nett – på nynorsk.
 
Målet er å bidra til at nynorskbedrifter blir synlege og truverdige på sosiale medium, på eiga målform og med eiga identitet, utan å vere redde for å gjere feil eller å ikkje nå ut. 
 
Som takk for at du svarar, blir bedrifta di med i trekninga av ei gratis tilbakemelding på Instagram-profilen eller nettsida, som du får på e-post om du vinn!
Svar på undersøkinga her

La oss bli litt betre kjend!

 

Så, kvifor skal du eigentleg høyre på meg?

Eg har gått viralt, satt dagsorden, vore på VG, God Morgen Norge, Debatten og invitert i podkastar og paneldebatt – fordi eg posta om det eg synest er viktig på Instagram.

Men: eg har også jobba med formidling, tekst, kommunikasjon og markedsføring med 16 år som journalist i aviser og NRK, og som PR-sjef og markedsføringsrådgivar for ulike organisasjonar og bedrifter i over 10 år.

Her får du ikkje dansereels og influencertips, men korleis du faktisk får leads og kundar som bedrift – utan å alltid halse etter dei siste trendane og algoritmejaget.

Her er bruker me tid på det som alltid har funka, og alltid vil funke uavhengig av kanal: eit budskap som treffer og ein strategi som gjer at du får mest mulig ut av innsatsen kvar gong du poster (eller gjer anna synligheitsarbeid), så du kan tiltrekke drømmekundane uten å bli heilt utmatta.

Velkommen hit!

Ingvild