Hei, eg er Ingvild!
Eg er journalist, historikar, gründer, mamma, feminist og samfunnskritiker.
Eg meiner me lever i eit samfunn som er menneskeuvennlig, og det går spesielt utover mødre og barn. Me lever så fjernt frå det me som biologiske pattedyr og flokkdyr faktisk trenger.
Me trenger folk å støtte oss på og treffe fysisk, trygge rom, kunnskap om nervesystemet, å lære oss å lytte til instinkta våre, me trenger tid og friheit, kreativitet, leik, skape ting, naturen, dagslys og luft.
Det er ikkje du som gjer noko feil eller ikkje får det til, det er systemet som er feil.
Det eg tilbyr:
- Kurs, foredrag og workshop om foreldrerolla i Noreg 2026, det du faktisk må vite før baby og korleis førebu seg best mulig.
- Kurs, foredrag og workshop om synlighet, budskap, historiefortelling, Instagram og sosiale medium
- Strategisk innholds- og markedsføringsrådgivning
- Nettside-oppsett
Kontakt:
Instagram: @ingvildleirfall
Vil du bli betre kjend?
Her får du inspirasjon, tankar, tips, behind the scenes frå grunderlivet og kreativ inspirasjon.
Lovar å ikkje spamme deg!
Litt meir om meg
Eg har vore journalist sidan eg var 16 år, først i lokalavisa, så i NRK og til slutt i Framtida.no før eg sa opp den faste journalistjobben hausten 2025.
Eg har alltid hatt ei djup trang til å forstå kvifor ting er som dei er, og kan dykke langt ned i kaninhól enten det gjeld bæreselar, Instagram, markedsføringspsykologi, historiefortelling, trygg samsoving eller våre biologiske instinkt og behov.
I dag jobbar eg i eige ENK og held foredrag, gjestar podkastar, held kurs og deler innhold om det som opptar meg mest for tida:
Kvifor er samfunnet bygd slik at så mange av oss blir overvelda, sjukemelde og kjenner at det ikkje går?
Eg trur ikkje det er noko feil med deg, men med samfunnsstrukturane me lever i.
Foreldreskap og familieliv er der eg og mange kjenner det tydelegast, men dette handlar eigentleg om alle menneske sine biologiske instinkt og behov.
Eg drømmer om ei verd der fleire kan leve på sine premiss og skape kvardagen dei ønsker seg.