Fotograf Ingvild Leirfall

Mitt livs første, store kjøp var mitt første egne kamera.

Eg brukte konfirmasjonspengane til å kjøpe meg eit Canon speilreflekskamera, og brukte dag og natt på å teste og leke meg fram.

Testa alle funksjonane, leste bøker, såg på YouTube og var ute med kameraet omtrent kvar dag.

Eit par år senere, då jeg var blitt 16 år, hadde eg mitt første oppdrag for lokalavisa som frilans kulturjournalist.

Eg tok alle bilder sjølv, kjøpte meg fleire objektiv og lærte meg dei ulike hensynene ein må ta i ulike situasjonar. I starten var scenelys vanskelig og alt blei heilt feil om eg brukte «auto».

No trur eg at eg kan treffe på eksponeringa i scenelys på første forsøk i dei manuelle innstillingane.

Eg har tatt macrobilder, landskapsfoto, oppstilte bryllupsbilder og vore skulefotograf med fullt studiooppsett med blitzar og bakgrunnar – men min favoritt er og blir dokumentariske bilder i naturlig lys, helst ute.

Det dokumentariske og det naturlige lyset er med på å fange ein ekthet som eg likar så godt. Det kan godt vere eit vanlig portrettfoto innandørs, men det må vere ekte. Med fint, rolig lys fra vinduet som ikkje skriker «blitz» og studio. Synest eg i alle fall.

Det er utrulig kor mykje eg har fått vere med på gjennom fotografering dei siste 16 åra, og eg er utrulig glad for at 14 år gamle meg investerte så mykje tid på å bli kjent med dette verkøyet, med lys og etterkvart også turte å gå vidare fra macro og landskap, til konsert og scene til å fange menneskelige relasjonar og uttrykk i øyeblikket. Det er kanskje det aller finaste.

Forrige
Forrige

Kundecase: Pisak reiser

Neste
Neste

Kundecase: Mandag igjen